XWave og Norgescup

XWave og Norgescup

Sted:
Ervik
/
Start:
12/4/2024
/
Slutt:
31/12/2024
/
Gren:
No items found.

Påmeldingsinfo

*gjennomført

Recap

Se her for bilder og resultater:
Artikkel fra XWave og Norgescup 2024

Velkommen til XWave!

X2 Festivalen og Brettforbundet inviterar til fyrste stopp i Norgescupen 2024 i surfing! Det blir magisk stemning både for deltakarar og publikum, med sal av mat og drikke, musikk og oppdateringar på score i kvart heat. XWave varar heile dagen, så kle deg etter vêrmeldinga og gjer deg klar for ein dag proppfull av god stemning og god surf!

Konkurransen opnar for 34 deltakarar, kor det er fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Det blir arrangert herre-, dame*- og juniorklasse* (14-17år).
(* må vere minimum 3 påmeldte)

Dømminga blir gjort etter World Surf League standard, med score på følgjande grunnlag;
* Commitment and degree of difficulty
* Innovative and progressive maneuvers
* Combination of major maneuvers
* Variety of maneuvers
* Speed, power and flow

XWave vil ha 4 eller 5 surferar i kvart heat. Det blir dobbel runde med kvalifisering. Hovuddommar vil lage runde/heat-skjema når påmeldingsfristen er gått ut.

Påmeldingsfrist: 11 april, kl 18:00 (eller når 34 surfere er påmeldit på LiveHeats).

Aktuelle strendar for XWave 2024 er Flø, Ervik og Hoddevik.

Påmeldingskontigenten er 250 kr på LiveHeats.
Påmelding blir via LiveHeats. Lenke kjem snart!

«Final Call» på dette FB arrangementet to dagar i forkant – då bestemmer vi tid og strand.

Facebookarrangement

Nettside: https://www.x2festivalen.no

Feed

Ingen oppdateringer.